illustrasjon av tre personer som har workshop for å lage en markedsføringskampanje

Marknadsføringskampanje på ein dag?

Med struktur og god metodikk kan du lage ein marknadsføringskampanje frå start til slutt på éin dag – og få teamet ditt med på laget.

Det er faktisk mogleg å utarbeide ein marknadsføringskampanje på berre éin arbeidsdag.

Det betyr ikkje at du skal hoppe over alt som handlar om innsikt eller analyser. Men når behovet er å lande ein enkel, gjennomførbar kampanje, da kan ei intensiv arbeidsøkt på ein knapp arbeidsdag vera akkurat det som trengst.

Slik utarbeider du marknadsføringskampanje på éin dag

Kva gjer dette mogleg? Løysinga ligg i å bruke ein godt fasilitert workshop. Ein slik arbeidsmåte sikrar både fokus, framdrift og eigarskap til kampanjen i teamet som deltek i workshopen. Ein god bonus er at du gjerne får eit meir samanspleisa team etter arbeidsøkta.

Les også: Sju tips for ein vellykka workshop

Dette er dei ulike stega for å utvikle kampanjen:

  1. Sett saman teamet som skal utarbeide kampanjen.
    Sørg for å få med ei god breidde av dei som jobbar i bedrifta. Dei som jobbar med marknadsføring er sjølvsagte, men ikkje gløym dei som jobbar med kundeservice og sal. Det kan også vera ein god idé å ha med dei som eventuelt jobbar med produktutvikling og økonomi.
  2. Start med å definere utfordringa.
    “Å utarbeide ei marknadsføringskampanje” er ikkje konkret nok. Bruk tid på å gå meir i djubda for å spisse utfordringa så godt som mogleg. I denne delen av marknadsføringsworkshopen er det vanleg å bruke til dømes “Korleis kan vi-øvingar” og avstemmingsteknikkar.
  3. Genererer idéar til korleis marknadsføringskampanjen skal vera.
    Her også er det viktig å bruke ulike øvingar for å få fram dei beste idéane. Såkalla “lightning demos” og “crazy eights” er berre to av mange etablerte og velfungerande øvingar som kan brukast.
  4. Utarbeid alternative konsept til kampanjen.
    Her går vi frå idéutvikling til konseptutvikling i marknadsføringsworkshopen. I ein slik workshop er konsept enkelt og greitt ein illustrert idé som kan funke som ei enkel og visuell forklaring på løysinga. Har du og teamet ditt til dømes bestemt dykk for å gå vidare med eit nyheitsbrev og ei landingsside som idéar for ei romjulssalgkampanje, så er konsepta ikkje noko meir avansert enn grovskisser som eksempel på korleis desse kan sjå ut.
  5. Velg konsept.
    Når alle har skissa forslag til konsept, er det tid for å stemme fram det konseptet ein skal gå vidare med. Avstemminga foregår gjerne i fleire omgangar der ein nyttar ulike metoder for kvar avstemming. Dette er for å i størst mogleg grad sikre seg at ein går vidare med det beste konseptet.
  6. Kartlegg ei tenkt kundereise for marknadsføringskampanjen.
    Det er i dette trinnet kampanjen verkeleg tek til å få ei ordentleg form. Her kan du for eksempel bruke øvinga “user test flow”. Enkelt forklart går den ut på å kartlegge dei viktigaste trinna målgruppa må gå gjennom dersom dei skal ende opp med å kjøpe produktet ditt.
  7. Lag ein plan for kampanjen.
    Det hjelp ikkje å ha dei råaste konsepta dersom du ikkje planlegg kampanjen godt. Det er nettopp dette vi gjer i den siste delen av workshopen. Kort fortalt handlar det om å lage ei detaljert oversikt over alt som må gjerast for å gjennomføre kampanjen, med alt frå fotografering og skriving av tekster til materiellet som skal utarbeidast, til budsjettplanlegging, design av brosjyremateriell og oppsett og oppfylging av digitale annonser. Husk å få på plass tidsfrist og ansvarleg for kvar enkelt oppgåve. Dersom workshopdeltakarane har vore ekstra produktive under konseptutviklinga, kan det funke som eit godt grunnlag for detaljplanlegginga.

Struktur og god fasilitering er heilt avgjerande

Det å få på plass ein marknadsføringskampanje på såpass stutt tid som éin dag, er utfordrande.

Skal ein greie å lande ein god kampanje, er det heilt avgjerande at ein brukar workshop som arbeidsmetodikk, og at ein brukar effektive øvingar som ein også er godt kjend med korleis ein skal gjennomføre.

I tillegg er det avgjerande å ha ein fasilitator som er godt kjend med korleis ein marknadsføringsworkshop bør gjennomførast.

Og berre for å understreke det også: det er ikkje alle marknadsføringskampanjer som kan planleggjast på såpass stutt tid.

Nysgjerrig på korleis du kjem i gang med workshop som arbeidsmetodikk for å utarbeide ein marknadsføringskampanje?

Ta gjerne kontakt for å avtale ei gratis målsamtale der vi saman finn ut om dette er noko for bedrifta du jobbar i – og korleis dykk kjem i gang

Book gratis målsamtale

illustrasjon av tre personer som har workshop for å lage en markedsføringskampanje