Foundation Sprint er ei ny workshop-metode som fungerer perfekt som ein start på større prosjekt. Metoden er også uvurderleg for gründerar.
Workshopen, som er utvikla av Jake Knapp og John Zeratsky, er spesielt godt eigna for å få ein god start på produkt- eller tenesteutviklingsprosjekt.
Eller for å seie det på ein annan måte: Foundation Sprint er verktøyet som gjer det meir sannsynleg at du lykkast med eit nytt produkt eller ei ny teneste.
At heile greia ikkje floppar. At du lanserer noko som kundene dine er villige til å betale for.
At produktet eller tenesta skil seg ut frå det konkurrentene dine har, og at vegen frå idé til marknad blir stuttast mogleg.
Kva konkret kan ein Foundation Sprint bidra til?
Metoden er bygd opp av tre hovuddelar der du blant anna får svar på:
- Kven er dei potensielle kundane som kan dra nytte av idéen din?
- Kva er utfordringa som kundene dine har, og korleis kan produktet eller tenesta di løyse utfordringa?
- Kven er dei ulike konkurrentene dine?
- Korleis kan produktet eller tenesta skille seg mest mogleg ut frå konkurrentane sine alternativ?
- Om idéen du har er verdt å gå bruke tid og pengar på å gå vidare med.
I og med at workshop-metoden kan gje desse svara, er det også ei svært rimeleg investering som potensielt kan spare deg for både tid og pengar.
Kven har nytte av ein Foundation Sprint?
Opphavsmennene til metoden har gjennomført meir enn 300 workshoper basert på denne metoden dei siste åra, blant anna som oppstartsworkshop når Google og Apple har begynt på utvikling av nye produkt.

Konklusjonen etter testane er klar: ein Foundation Sprint kan brukast av alt frå oppstartsbedrifter til godt etablerte verksemder som har ein produktidé eller ein idé til ei ny teneste.
Når det er sagt, kan metoden fungere godt også for andre større prosjekt.
I og med at workshopen går over eit begrensa tidsrom og difor gjerne er ei rimeleg investering, passar den godt for både små og store verksemder – nesten uansett kor stort eller lite budsjett dei har.
Kva er forskjellen på Foundation Sprint og Design Sprint?
Du har kanskje allereie stilt deg spørsmålet om det er nokon samanheng mellom Foundation Sprint og ein design sprint? Det har du i så fall gjort heilt rett i.
Det er nemleg ein samanheng:
- Begge metodene er utvikla av dei same folka.
- Foundation Sprint er ofte brukt som ein start på ein design sprint, og gjer det også lettare å nå målet du har sett deg med ein design sprint.
- Foundation sprint er meir universell. Kan brukast til meir. Meir kompakt, og difor enklare å rydde plass i kalenderen for.
Design sprint-metoden er suveren for å løyse problem og teste idear.
Men spesielt bedrifter i oppstartsfasa treng gjerne hjelp til litt andre ting, for eksempel ein plan over korleis dei kan skille seg ut frå konkurrentane. Og dei treng hjelp til å finne ei retning og starte – så fort som mogleg.
Det er akkurat det Foundation Sprint kan hjelpe til med.
Er Foundation Sprint noko for deg?
Metoden blir kalla Foundation Sprint fordi den bidreg til å få på plass grunnlaget som må vera på plass når ei bedrift skal utvikle eit produkt eller ei teneste som kundene er villige til å bla opp for – i staden for å lage noko som floppar/ingen vil ha.
Ein Foundation Sprint er derfor noko for deg dersom verksemda du jobbar i:
- Har planar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste
- Ynskjer å få på plass det grunnleggjande på berre to dagar i staden for å bruke månadsvis med endelause diskusjonar
- Ynskjer å ta i bruk ei utviklingsmetode som er gjennomtesta av blant andre Google og Apple
Har du lyst til å vite meir om workshopen kan vera noko for bedrifta du jobbar i, eller kanskje du har lyst til å lære metoden sjølv?