illustrasjon av tre personer som har workshop for å utarbeide strategiplan

Korleis utvikle ein strategiplan?

Ein god plan er viktig for å nå overordna strategiske mål. Men korleis utviklar du eigentleg ein strategiplan?

Aller fyrst: vi skil gjerne mellom funksjonelle strategiar og meir overordna strategiar når vi skal utvikle ein strategiplan. Likeeins er det viktig å poengtere at ein strategiplan, eller for å vera hakket meir korrekt: ein strategisk handlingsplan, er nettopp det som ordet tilseier: ein plan for korleis ein tenker at ein skal oppfylle ein strategi.

Skal du utarbeide ein strategiplan, forutset det med andre ord at du kan ta utgangspunkt i ein eksisterande strategi (ekstern lenke), for eksempel ein forretningsstrategi eller funksjonelle strategiar som markedsføringsstrategi er eit eksempel på.

Slik utviklar du ein strategiplan

Dette er steg for steg-prosessen for å lage ein strategisk handlingsplan:

  1. Ta utgangspunkt i den overordna strategien

    Sørg for at du tek utgangspunkt i den overordna strategien. Ta gjerne ein avsjekk om den framleis er relevant, eller om den bør justerast – for eksempel ved å oppdatere intern- eller eksternanalysene som har lagt grunnlaget for strategien. Huks også at både strategisk mål og målgrupper må vera godt definert.

  2. Definer tiltak

    Bryt ned strategien i konkrete og målbare tiltak/oppgåver.

  3. Definerer ansvar og tidsfrister

    Set opp ein ansvarleg for kvart tiltak, samt frist for når tiltaket er tenkt gjennomført.

  4. Set opp ressursoversikt

    Konkretiser eventuelt finansielle ressursar og personalressursar som må vera på plass for å gjennomføre tiltaka. Her er det også lurt å skille mellom interne og eksterne ressursar: kva har verksemda moglegheit til å gjera internet, og kva må ein outsource?

  5. Definer KPI og rapportering

    Få oversikt over korleis du skal måle at tiltaka blir nådd, og korleis det skal rapporterast på i kva grad tiltaka i planen blir nådd.

Verktøy er viktige i strategiplanprosessen

Når du skal utarbeide ein strategiplan, er det gjerne ulike verktøy og metodar som er nyttige i prosessen – alt etter kva type plan det er snakk om.

PESTEL og Porters fem konkurransekrefter er eksempel på to vanlege verktøy når den overordna strategien skal utarbeidast – altså det som kjem før planen.

I sjølve planprosessen er verktøy og metoder som prioriteringsmatriser og empatikart, som begge også er kjent i designdrevne innovasjonsprosessar, nyttige.

Plan og strategi må henge saman

Sjølv om eg allereie har påpeikt det ein gong, vil eg understreke kor viktig det er at planen tek utgangspunkt i den overordna strategien som den skal bidra til blir nådd.

Er engasjementet stort i planprosessen, noko eg har erfart gjennom fleire strategiworkshopar, er det fort gjort å bli i overkant kreativ når ein jobbar med tiltak. Dette kan føre til at du mistar fokus på det strategiplanen faktisk skal bidra til: å leggje til rette for at den overordna strategien i størst mogleg grad lykkast.

For å halde fokus heile vegen i planprosessen, kan det vera nyttig å ha med ein ekstern ressurs som kan bidra med strategikompetanse i tillegg til å fungere som fasiliator.

Ta gjerne kontakt med meg og kollegaene mine for å høyre korleis vi kan hjelpe verksemda di med strategiprosessen.

Ta ein prat om korleis du utvikle ein god strategiplan

illustrasjon av tre personer som har workshop for å utarbeide strategiplan