tre personer som går tur i en pause for å bli mer kreative på jobb

Ta nok pauser – lever betre løysingar på jobb

Visste du at bevisst bruk av pauser, både mange nok og lange nok pusterom, kan hjelpe bedrifter å utvikle betre produkt og tenester?

Du kjenner deg kanskje igjen i dette. Du vaknar midt på natta. Har ein skikkeleg god idé. Kanskje til ei løysing på eit problem du har irritert deg over ei stund. Ein idé til eit nytt produkt du berre veit mange vil ha nytte av. Eller hvis du skriv musikk: dei fyrste tonane til eit catchy refreng.

Dei same gode idéane kan også koma når du er ute i naturen, sit på toget på veg til ein langweekend, eller når du står i dusjen.

Jobb-idéar kjem ofte når du ikkje arbeider

Gode idéar kjem gjerne når du minst ventar det, eller når du ikkje jobbar aktivt for å få det.

Heilt spesielle situasjonar der du nyttar heilt eigne teknikkar frå til dømes designtenkning er kanskje unntaket, men dei beste idéane kjem gjerne i heilt andre situasjonar enn når du er på jobb. Spesielt ikkje i jobbsituasjonar der du pressar deg sjølv for å levere etter fastsette krav.

Og berre for å seie det: du er i skikkeleg godt lag. Nokre av dei mest kreative menneska i historia fekk nokre av dei beste idéane sine i liknande situasjonar. Høyr berre her:

Einstein sa sjølv at han gjerne fekk dei beste idéane sine når han barberte seg. Leonard Cohen vart inspirert til å skrive «Chelsea Hotel No. 2» etter å ha fått ein generøs BJ av ingen ringare enn Janis Joplin. Metallica-vokalist James Hetfield skreiv «Nothing Else Matters» under ei telefonsamtale med kjæresten sin, og J.K. Rowling fekk idéen til Harry Potter under ei togreise frå Manchester til London.

Pauser er viktig for å yte best mogleg

Kva er fellesnemnaren her? Jau: samtlege eg har nevnt fekk dei verkeleg gode og kreative idéane til nye «produkt» når dei gjorde noko heilt anna enn å jobbe.

Er det noko du og eg kan lære av dette? Heilt klart!

Av dette bør vi lære at avbrekk og pauser er heilt essensielt når gode idéar skal skapast, uansett om det er på jobb eller i fritida.

Og i og med at idéutvikling er ei av fleire viktigste faser i innovasjonsarbeid, blir også konklusjonen min fylgjande: pauser er ein viktig ingrediens i innovasjonsarbeid. Faktisk såpass viktig at evna til å tenke nytt er avhengig av at vi greier å ta nok pauser på jobb.

Evna til å tenke nytt er avhengig av at vi greier å ta nok pauser på jobb.

Trass i dette er nok mange av oss altfor dårlege til å ta både mange nok og lange nok pauser.

Eg har ikkje trua på at det held med berre ei lønsjpause og den klassiske to-kaffen i løpet av ein arbeidsdag. Eg trur hjerna vår treng langt hyppigare avbrekk for at vi skal både skal greie å koma med nye idéar og levere optimalt.

For ordens skuld: vi snakkar ikkje om scrolle-avbrekk, men ordentlege avbrekk der du til dømes pratar litt tullprat med ein kollega ved kaffemaskinen, går ein kjapp tur ute, eller læt att augo medan du høyrer på ei låt av favorittartisten din.

Zen-dag for betre tenking

Usikker på om du er einig i at det er viktig å ta mange nok småpauser i løpet av arbeidsdagen?

I så fall kan eg dra fram litt nyare forsking og ferske eksempel – berre for å byggje opp under påstandane mine og erfaringane til Einstein, Cohen, Hetfield og Rowling.

Eitt av dei ferskaste eksempla eg kjenner til, er frå norsk næringsliv og dei heilt framifrå innovatørane bak Remarkable.

Dei har nemleg innført ein egen zen-dag for at dei tilsette skal tenke og reflektere betre (ekstern lenke).

Selskapet har sett av intet mindre enn ein heil arbeidsdag kvar veke som skal haldast av til refleksjon og samtaler mellom kollegaer.

Fyrsteamansuensis John P. Trougakos ved Rotman School of Management er heilt tydeleg på at hjerna treng hyppige avbrekk, og seier at konsentrasjonen er som ein muskel: når den blir sliten, treng den ei pause for å bli effektiv igjen (ekstern lenke).

Hyppige pauser gjev meir kreativitet

Trougos er ikkje åleine om å påpeike verdien av pauser.

Arbeids- og organisasjonspsykolog ved Institutt for psykologi ved Københavns Universitet, Janne Skakon, har forska på samanhengen mellom pauser og produktivitet. Ho har blant anna funne ut at om ein ikkje tek hyppige pauser, går både kreativitet og produktivitet ned (ekstern lenke).

Erik Lerdahl, som er professor i kreativitet, hevdar at det er viktig å ta pauser.

Ta ei pause. Ein kan ikkje vera på topp heile tida. Spesielt når du føler at du sit fast, er det viktig å koble av med noko heilt anna. Når vi koblar av slepp vi underbevisstheita til, som ein stor og usynleg ressurs, og plutseleg er løysinga der, seier Lerdahl til Ledernytt (ekstern lenke).

Kva slags pusterom har størst effekt?

Kor mange pauser, kva slags avbrekk og kor lange pauser i løpet av ein arbeidsdag er det så som gjev best effekt for at vi skal tenke betre og finne betre løysingar?

Som eg har nevnt tidlegare i artikkelen: scrolling som pause-aktivitet gjev som regel ikkje nokon effekt.

Av alle forskingsrapportar eg har sett, ser det ut til å vera i alle fall ein ting samtlege er heilt samstemte i: du bør gjera noko heilt anna enn å tenke jobb, og gjerne kome deg bort frå arbeidsplassen – i alle fall ta turen bort til kaffemaskinen eller ein god kollega.

Mange nok og gode nok pauser, enten det er ein tur ut eller litt småprat med kollegar, er viktig for å yte best mogleg på jobb.

Arbeids- og organisasjonspsykolog Janne Skakon ved Institutt for psykologi ved Københavns Universitet, viser også til studier som er spesielt viktige for dei som har eit yrke der kreativitet og innovasjon er viktig:

Pauser der du er fysisk aktiv, og gjerne i grøne omgjevnader, gjev også enda større effekt dersom du ynskjer å sjå nye løysingar og tenke kreativt, seier Skakon.

Når det gjeld lengde på pausene, er det heller ikkje store sprik i forskingsrapportane. Enkelte forskarar hevdar at 10 – 15 minutt pause kvar halvannan time er ideelt. Andre meiner at 5 minutt pause kvart 25 – 30. minutt gjev størst effekt.

Uansett frekvens og varigheit: er du inne i ein god flyt, er det ikkje nødvendig å vera heilt fastlåst til rutinar som seier at du skal gjera det eine eller andre. Men står du fast, føler at det går litt trått, eller kjenner at du kan trenge ei pause, så er det berre ein ting å gjere: å faktisk ta ei skikkeleg pause.

Når sist fekk du ein verkeleg god idé? Kom den i ein situasjon der du ikkje var djupt inne i ei arbeidsoppgåve, eller kom den når du dreiv med noko heilt anna og hadde godt med pusterom?

Del gjerne erfaringane du har hatt med meg

Kjelder:
Ledernytt 2018: Tom for idéer? Slik øver du kreativitetsmusklene
New York Times 2012: To Stay On Schedule – Take a Break
Forskning.no 2018: Hyppige pauser gjør deg mer kreativ


Comments

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *