Kan firedagersveka gje ei bedrift betre driftsresultat?

Kan firedagersveka gje betre driftsresultat for bedrifter, sjølv om dei tilsette har same løn som ei arbeidsveke på fem dager? Eg har trua.

Aller først: eg har ikkje fasiten for alle. Og eg har sjølv vore temmeleg skeptisk til om redusert arbeidsveke med full løn kan ha noko for seg.

Eg likar heller ikkje å synse altfor mykje, og eg må understreke at denne artikkelen speglar mi eiga personlege meining.

Men av og til må det vera lov å fronte noko ein verkeleg brenn for sjølv utan å backe eigne meiningar med berre fakta. Spesielt når det er så samanfallande med eigne verdiar.

Når det i tillegg har begynt å kome så mykje erfaringsbasert forsking på området, er eg temmeleg klår når eg kjem med fylgjande påstand:

Eg har verkeleg trua på at firedagersveka kan bidra til at mange verksemder får betre driftsresultat.

Korleis kan det ha seg at eg har bevega meg dugeleg fort frå superskeptisk kritiker av ei løysing som høyrest temmeleg ulogisk ut?

I starten handla det mykje om verdiar, nysgjerrigheit og kunnskapshunger kring sosial berekraft.

Etter kvart vart interessa stadig større for korleis det faktisk kan ha ein positiv effekt på dei økonomiske resultata for verksemder, og det er fyrst og fremst dette eg ynskjer å dra fram denne gongen.

Derfor har eg trua på firedagersveka

Dette er nokre av grunnane til at eg har trua på at firedagersveka kan gje betre driftsresultat for bedrifter:

  • Det kan bli enklare å rekruttere arbeidskraft
  • Tilsette som opplever større balanse mellom jobb og fritid yter betre
  • Pusterom, både i løpet av ein arbeidsdag i form av stutte pauser og lengre avbrekk som ei arbeidsveke på fire dagar gjev moglegheit for, gjev grobotn for utvikling av betre produkt og tenester: betre idear.

Enklare å rekruttere arbeidskraft

Dei tre punkta eg har trekt fram, er ikkje noko eg har henta frå lause lufta.

Når det gjeld påstanden min om at kortare arbeidsveke kan gjera det enklare å rekruttere arbeidskraft, er det meir enn nok av undersøkingar som konkluderer med at eit overveldande fleirtal ynskjer å jobbe fire dagar i staden for fem (ekstern lenke).

Når vi ser dette i samanheng med at mange bedrifter i Norge slit med å rekruttere dei folka dei treng, bør det ikkje vera vanskeleg å tenke seg at det å lokke med kortare arbeidsveke kan gjera arbeidskraftrekrutteringa enklare.

Bedrifter som tilbyr firedagers arbeidsveke kan altså få ein enklare jobb med å rekruttere nok bra folk.

Dei tilsette kan levere meir effektivt

Når det gjeld påstanden min om at tilsette som opplever at dei har betre balanse mellom jobb og fritid, så er dette heller ikkje noko eg er einsleg om å meine.

Det er nok av undersøkingar som slår fast at god balanse mellom jobb og fritid er viktig (ekstern lenke). I same setning kunne eg også sagt mykje om at opplevd ubalanse er ein medverkande årsak til at mange også sluttar i jobben sin, men det får bli ein annan skål.

Saka er den, at opplever du god balanse mellom jobb og fritid, er du både meir utkvild og meir motivert. Og er du godt motivert og godt utkvild, leverer du også betre på jobb. Makes sense, ikkje sant?

Meir innovasjon med kortare arbeidsveke

Den siste påstanden min har eg ingen direkte dokumentasjon for. Men vill fantasi vil eg så absolutt ikkje seie at det er.

Det er nemleg nok av innovasjonslitteratur som slår fast at gode nok og mange nok pauser, og da er det ikkje snakk om «scrolle-pauser», i løpet av arbeidsdagen, stimulerer til meir kreativitet og fleire og betre løysingar på problemstillingar.

Og i og med at ulike grader av innovasjon er heilt avgjerande for at bedrifter skal greie å levere betre løysingar for kundene sine, noko som er avgjerande for både meirsalg og nysalg, er eg heilt sikker på at solide pauser bidreg positivt for driftsresultatet.

Legg vi i tillegg inn eit lengre avbrekk i form av fire dagar på og tre dagar av, er teorien min at dette kan gje ein ytterlegare positiv effekt. Dette forutset at du gjev deg sjølv skikkelege pauser utan døll skjermtid. Men det greier vi vel, eller?

Det finst nok av motargument mot fire dagar på og tre dagar av. Det kan vera utfordrande å presse inn oppgåver for fem dagar inn på fire, og det er neppe alle verksemder som har moglegheit til å implementere modellen.

Men som nevnt: eg har trua. Kva trur du? Har du trua på at ei arbeidsveke på fire dagar i staden for fem kan gje meir att på bottlinja? Eg tek gjerne ein prat med deg om temaet.