Smått og stort om strategi, innovasjon og marknadsføring

Bli oppdatert på nyheiter, trender og aktuelle rapportar om strategi, innovasjon og marknadsføring.

Nå kan du snart annonsere på Perplexity

23. august 2024
KI-søkemotoren Perplexity opnar for annonsering i løpet av året.

Kva betyr dette for verksemder: Ifylgje plattforma sjølv, blir det i dag gjort 230 millionar søk kvar månad på plattforma. Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men for annonsørar som er tidleg ute kan det nok fort vera ei moglegheit til å betale seg til synlegheit for ein ok pris.

Ny viktig Google-oppdatering

16. august 2024
Google har kunngjort at dei har begynt å rulle ut ei ny såkalla «core update», som er av dei viktigaste oppdateringane Google kjem med. Oppdateringa (ekstern lenke) er venta å vera ferdig utrulla i løpet av ein månad, og skal ha fokus på å fremje nyttig innhald og straffe innhald som er publisert utelukkande for å få god plassering i søkemotorar.

Kva betyr dette for verksemder: Dersom du allereie fokuserer på å lage godt innhald som målgruppa di opplever som nyttig, kan dette slå positivt ut for synlegheita di. Om du er av dei som utelukkande skriv for å få god Google-plassering i staden for å ha målgruppefokus, kan det vera grunn til å tru at du kan oppleve å få redusert synlegheit for innhaldet ditt.

Tettare samarbeid mellom Wix og Google

16. august 2024
Wix blir forhandler for Google Gemini. Wix/Google-samarbeidet skal ha vore i utvikling i fleire år, blant anna ved implementering av ein del Google-funksjonalitet i nettsidebyggjaren. Dermed blir samarbeidet mellom dei to enda sterkare.

Kva betyr dette for verksemder: Sjølv om det framleis er mange gode grunnar til å velge andre publiseringsløysingar enn Wix, kan samarbeidet bety at Wix blir eit meir aktuelt alternativ for fleire framover – i alle fall hvis Google fortset å vera ein dominant søkemotor.

TikTok + Amazon = sant

15. august 2024
TikTok og Amazon har gått i kompaniskap (ekstern lenke) for å tilby shopping direkte i appen.

Kva betyr dette for verksemder: Amazon får moglegheit til å ta ein større del av netthandelskaka, noko som spesielt kan påverke deg som driv ein nettbutikk.

Vurderer vannmerking av KI-generert innhald

5. august 2024
Open AI har utvikla eit system for å vannmerke innhald som er laga ved hjelp av ChatGPT.

Kva betyr dette for verksemder: Det blir enklare å skille «genuint» innhald frå det som er KI-generert. Og for deg som lar deg friste at å masseprodusere innhald ved hjelp av KI, så bør dette nå bli vanskelegare.

Open AI lanserer Google-konkurrent

26. juli 2024
Open AI lanserer SearchGPT, ein AI-dreven søkemotor som skal gje informasjon i sanntid. Manglande informasjonshenting i sanntid har vore ei av ulempene med ChatGPT, og med den nye søkemotoren er det grunn til å tru at kampen om nettsøk-brukarane hardnar til.

Kva betyr dette for verksemder: For bedrifter som jobbar målretta med søkemotormarknadsføring, er det i alle fall lurt å vera obs på eventuelle endringar i korleis målgruppene brukar søkemotorar. Fortløpande evaulering av det du gjer av til dømes søkemotoroptimalisering og annonsering i søkemotorar, er i alle fall smart å implementere som ein del av rutinene.

Google-oppdatering har ramma fleire hardt

7. mai 2024
Den nyaste stor-oppdateringa frå Google, som var ferdig utrulla nyleg, har ramma fleire nettsider hardt.

Oppdateringa tok sikte på å «ta» nettsider med innhald av låg kvalitet, og da spesielt nettsider som har innhald som er skrive mest for synlegheita si skuld, innhald som ikkje er originalt, og sider med dårleg brukaroppleving.

Effekten har ikkje latt vente på seg, noko blant anna denne rapporten tyder på.

Kva betyr dette for verksemder: Uansett om du trur du har gått klar av oppdateringa eller ikkje, anbefaler eg at at du tek ein statussjekk når det gjeld synlegheit for eige nettsted.

Send filer via DM på Instagram

9. april 2024
Instagram jobbar med funksjon som gjer det mogleg å sende filer som vedlegg via DM (ekstern lenke). Funksjonen blir truleg tilgjengeleg kun for bedriftsprofiler.

Kva betyr dette for verksemder: Fleire måter å kommunisere med målgruppene sine på, for eksempel ved å sende PDF-guidar og andre give aways for dei som nyttar Instagram aktivt til relasjonsbygging med potensielle kundar.

Meir dynamisk annonseplassering i Google Ads

2. april 2024
Nå har plasseringa av dei fyrste annonseplassane på Google vorte meir dynamiske (ekstern lenke). Dette betyr at ei såkalla topp-plassering av annonsene i enkelte tilfelle like godt kan havne blant dei organiske resultata som ovanfor.

TikTok-forbud i USA?

7. mars 2024
Energi- og næringskomiteen i Representantanes hus har gjort eit vedtak som i praksis kan bety starten på slutten for TikTok (ekstern lenke) i USA.

Kva betyr dette for verksemder: Neppe noko som helst om du held til i Norge, med mindre du har USA som marknad. Det kan likevel vera verdt å notere seg at dette er nok eit drypp som tyder på ein stadig større skepsis til det sosiale nettverket. Om du har stort fokus på TikTok som marknadsføringskanal, kan det difor vera verdt å bytte fokus.

Ny hovedoppdatering frå Google

6. mars 2024
Google har offisielt annonsert at dei har kome med ei ny såkalla «core update», eller hovedoppdatering.

Denne gongen er det spam algoritmeoppdateringa er retta mot, og Google seier oppdateringa har som mål å vise mindre innhald som er publisert for å tiltrekke seg klikk (ekstern lenke), og meir innhald som brukarane synest er nyttig.

Kva betyr dette for verksemder: Om du er ein av mange som har meir fokus på klikk-fisking enn å lage genuint godt innhald: stopp umiddelbart, og rydd i gamalt innhald om du ikkje vil ha dårlegare synlegheit.

Enda dårlegare synlegheit for dårleg innhald

06.03.2024
Google har i fleire omgangar justert algoritmene for å gje betre synlegheit til nettsider som har godt, genuint og nyttig innhald. Nå går dei enda ein gong ut offentleg for å seie at dei innfører nye måter å straffe innhald som har låg kvalitet (ekstern lenke).

Kva betyr dette for verksemder: I stutte trekk: hvis du har mest fokus på å publisere innhald for søkemotorane i staden for målgruppene dine, bør du skifte fokus. I tillegg er det alltid lurt å gjera opp ein synlegheitsstatus etter store endringar som dette. Om du ikkje har gjort det allereie, kan det også vera greitt å gjera brukartestar både av nettstaden din generelt, og kanskje også tekstene spesielt når du skal publisere nytt innhald.

Nytt annonseformat frå Google

02.03.2024
Google har kome med eit nytt annonseformat. Annonseformatet er framleis under testing, og derfor ikkje tilgjengeleg for alle.

Kva betyr dette for verksemder: Om du brukar Google Ads anbefaler eg deg å teste ut annonseformatet så fort du får tilgang til det, slik at du får gjort deg eigne erfaringar om i kva grad det fungerer eller ikkje. Nye funksjonar og format får gjerne også litt ekstra boost, så det kan vera moglegheiter til å få litt ekstra «bæng for d bøkks» i starten.

Negativt påverka av sosiale medier

26.02.2024
Ungdom med symptom på depresjon og angst føler seg oftare overvelda av sosiale medier enn andre. Det viser ein rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI). Det er derimot ikkje tidsbruken som er problemet, melder FHI. Det er følelsen av å bli overvelda og vera overvåka som påverkar negativt.

Kva betyr dette for verksemder: for verksemder som brukar sosiale medier for å nå målgruppene sine, spesielt ungdom, er kanskje dette nok eit teikn på at det er på tide å ta ansvar og tone ned bruken av sosiale medier?

EU startet gransking av TikTok

19.02.2024
EU skal granske TikTok for for å finne ut om det sosiale nettverket har brote reglar som beskyttar mindreårige på nett.

Kva betyr dette for verksemder: Om du er ei av mange verksemder som har kasta seg på kanalen dei siste åra, kan kanskje dette vera ei sunn påminning om at du burde vera litt meir kritisk til om dette er kanalen du vil assosiere verksemda med?

Meta merker AI-bilder

07.02.2024
Meta begynner med visuell merking av innhald som er generert ved hjelp av Meta AI.

Bluesky opnar for alle

06.02.2024
Bluesky, X-konkurrenten som er støtta av Twitter-grunnleggjar Jack Dorsey, er nå open for alle.

Kva betyr dette for verksemder: At alle kan registrere seg, noko som også betyr at det sosiale nettverket truleg vil få vekst i antall brukarar.

Ny vår for e-postmarknadsføring?

26.01.2024
Det å bruke mest tid på eigne kanalar, som til dømes nettstaden din eller e-postmarknadsføring, har alltid vore ein god leveregel. Likevel er det nok av verksemder som har brukt mesteparten av ressursane sine på leigde flater som til dømes organisk og betalt marknadsføring i sosiale medier.

I takt med stadig strengare personvern, dårlegare målrettingsfunksjonalitet og jamnt over dårlegare tal, i alle fall for mange, er det derimot stadig fleire som vel å flytte litt fokus. Kanskje kan det bli ein ny vår for e-postmarknadsføring også? Denne rapporten (ekstern lenke= tyder i alle fall på at det er fleire som nå har funne ut at ei adresseliste kan vera gull verdt.

Enda meir KI på veg til Google Ads

24.01.2024
Google utvidar bruken av kunstig intelligens i søkeannonser (ekstern lenke) der annonsørar kan generere annonser berre ved å leggje inn URL til landingssida.

Det er Gemini sin KI-modell som ligg i botn for funksjonen som nå er tilgjengeleg som beta for alle annonsørar i USA og Storbritannia.

Kva betyr dette for verksemder: førebels ingenting, med mindre du er annonsør i dei nevnte landa. Men det er kanskje smart å bruke litt tid på å forberede seg til det blir tilgjengeleg også i Norge? For når funksjonen kjem, og når den etter kvart vil funke bra, er det jo ein praktisk konsekvens for alle: det blir potensielt enklare å annonsere.

På tide å få cookie-panikk?

06.12.2023
Korleis kan marknadsføringsbyrå, og ikkje minst «den vanlige bedrift i gata» forberede seg best mogleg på ei framtid heilt utan tredjepart-cookies?

Problemstillinga er meir aktuell enn nokon gong. Stadig strengare personvernreglar er ein ting, men hvis Google endeleg bestemmer seg for å ikkej støtte tredjepart-cookies frå og med 2025, betyr dette at bedrifter som i stor grad baserer både statistikk, analyse og ikkje minst marknadsføring på cookies, verkeleg intensivere førebuingane sine.

Eit ferskt eksempel frå eit amerikansk byrå kan vera ein viktig reminder. Dette byrået opplevde at ein kunde, i rein frykt for å bryte personvernreglane, bestemde seg for å fjerne alle sporingsmekanismar – nesten over natta.

Tilbake sit ein nettredaktør og eit byrå utan moglegheit til å måle eller optimalisere basert på fakta. Dei har ingen konvertingssporing sett opp. Ingen cookies. Ingen fornuftige målingear. Som dei selv seier:

«We´re back to, like, are people clicking?» (ekstern lenke)

Viktig endring for Google-annonsørar

01.12.2023
Google har lansert Concent Mode v2. I stutte trekk er dette ei løysing som skal gjera det sikrare å sende trafikkdata til Google utan at det bryt brukarane sitt samtykkeval på nettsider.

Consent Mode skal med andre ord gjera det mogleg å få brukarinnsikt sjølv om brukaren ikkje samtykker til å bli spora.

Kva betyr dette for verksemder: For det fyrste: dette gjeld kun deg som nyttar enten Google Ads, Google Analytics og/eller Google Tag Manager.
Men det du må gjera, er sikre at du nyttar eit cookiebanner som er kompatibelt med Consent Mode. Avhengig av kva samtykkeløysing du nyttar, kan det også vera mogleg du må endre innstillingar i det eksisterande verktøyet. Og ikkje minst: har du ei samtykkeløysing som ikkje er kompatibel med Consent Mode v2, må du bytte løysing.

Nye KI-funksjonar i Google Ads

07.11.2023
Google Ads kjem med ein funksjon som gjer det mogleg å bruke prompts for å generere annonsetekster og bilete (ekstern link). Det er kun amerikanske brukarar som får tilgang til funksjonen i fyrste omgang.

Ny stor-oppdatering fra Google

06.11.2023
Google har kome med ei ny såkalla «core update». Dette er årets fjerde store algoritmeendring (ekstern link) i tillegg til alle dei fortløpande små endringane som blir gjort jamnlet.
Detaljane i oppdateringa er ikkje kjent, men Google påpeiker som vanleg at nettstader kan oppleve både betre og dårlegare synlegheit etter oppdateringa.

Nå må du betale for ikkje å bli spora

30. oktober 2023
Meta har kome med ei betalingsløysing der du kan betale for å sleppe å få personleg tilpassa annonser (ekstern lenke) på Facebook og Instagram.

Betalingsløysinga er Meta sitt forsøk på å komme seg rundt dei stadig strengare personvernreglane i Europa, og juridisk kyndige er i varierande grad einige i at dette er ei legal løysing.

Kva betyr dette for verksemder: hvis brukarane går over til betalingsløysing, betyr det at du potensielt når ut til færre som annonsør.

Automatisk teksting i Spotify

20.09.2024
Lei av å bruke tid på å transkribere podcasten din? I så fall kan dette vera godt nytt: Spotify transkriberer nå automatisk. Funksjonen er førebels i BETA.