Få ting gjort – betre og raskare

Eg gjer det enklere for leiarar i små og mellomstore bedrifter å ta viktige avgjerder, utvikle strategiar og drive innovasjon, samstundes som samarbeidet i teamet ditt blir betre. Det gjer eg gjennom workshopar og sparring – saman med deg.

bedriftsrådgiver tormod sperstad

Dette er noko av det vi kan
få til saman

Forretningsutvikling på ulike områder er gjerne det overordna som det handlar om, uansett om vi arbeider saman om å utvikle ein strategi for bedrifta di, har problemløysingsworkshop, eller jobbar med produkt- og tenesteutvikling gjennom strukturerte prosessar. Er du gründer? Da blir eg gjerne også med på delar av reisa di som sparringspartner.

Strategi

Få hjelp til så utvikle gode strategiar gjennom ein strategiworkshop.

Forretningsutvikling

Få raus rettleiing gjennom workshopar til å viareutvikle verksemda di.

Produkt- og tenesteutvikling

Få hjelp til å utvikle lønnsomme tenester, eller forbetre dei tenestene eller produkta du allereie tilbyr gjennom ein produktutviklingsworkshop .

Problemløysing

Stor utfordring som du ikkje veit korleis du skal gripe an? Eller ikkje heilt sikker på kva som er kjerna i problemet? Ein problemløysingsworkshop kan hjelpe deg.

Foredrag

Foredrag om strategi og kvardagsinnovasjon.

Sparring for bedrifter i utvikling

Få hjelp og gode råd i alle utviklingsfasene til verksemda di: frå spirande start up til viareutvikling.

Korleis jobbar vi?

Stutt fortalt: har du behov for å samle fleire tilsette for å løyse store utfordringar eller ta viktige avgjerder, er ein workshop alltid den beste arbeidsforma. I alle fall dersom workshopen er godt samansett, og blir leda av ein erfaren fasilitator. I andre tilfelle held det med reine sparringsøkter.
Er du ny kunde eller kanskje ein gründer i oppstartsfasa? Da får du alltid ein gratis kartleggingsworkshop der vi vurderer bedrifta di der den er i dag, og der vi saman finn ut om vi kan vera ein god match

Sjå. Lytt. Les.

Sjå og lytt til fagtips på YouTube, eller rå rause råd rett i øyra på HausPodden. Dei siste artiklane frå min eigen blogg kan du lesa her:

Er du marknadsføringsstudent?

Studerer du digital marknadsføring, og ynskjer å gjera det best mogleg i studiet for å koma best ut frå startblokka når du skal søke jobb? Eg har fleire års erfaring som faglærar for nettstudiet digital marknadsføring ved Fagskolen Kristiania, og bidreg gjerne som mentor for å hjelpe deg gjennom studiet, til dømes i eksamensperioda.